Komande søndag er det igjen « Søndag 11» på bedehuset. Denne gongen er tale ved Per Ove Årseth.
Misjonsnytt er frå Bolivia, der NLM har arbeidd med bistand og kyrkjelydsbygging sidan 1978. Bolivia er landet med dei mange fargane, dei høge fjella, mange titalls språk og etniske grupper. Landet strekkjer seg frå varmt lavland til isande vind i Andesfjella, og har ei historie som strekkjer seg frå det velståande Inka-riket til dagens samfunn prega av eit uroleg demokrati. Per i dag har Misjonsssambandet berre 3 utsendingar i landet. På møtet får vi eit lite glimt inn i dagens arbeid og utfordringar.
Under talen vert det som vanleg barnemøte for dei yngste, og samlinga vert avslutta med enkle servering i storsalen. Vel møtt alle!