Søndag 1. februar er det nytt « Søndag 11» på bedehuset. Per Helge Myren blir med som talar på møtet. Han har vore her mange gongar før, både på bedehuset og ikkje minst i Tryggheim barnehage. I unge år var han og familien i Afrika, som utsendingar for NLM, og no er dotter med familie utsendingar i Etiopia. Ringen er på ein måte slutta.
På møtet søndag får vi også korte glimt frå arbeidet i Etiopia, og frå dei oppgåver Ragnhild og Temesgen har der. Ragnhild er utdanna sjukepleiar, Temesgen er teolog.
Etiopia ligg på Afrikas horn og grenser mot Somalia, Eritrea, Sudan og Kenya. Landet er over tre gongar så stort som Norge og busett av over 80 millionar menneske. Det er mange ulike etniske grupper og det er 85 ulike språk i landet. NLM starta arbeid i Etiopia i 1948. I dag prioriterer ein arbeid mellom dei minst nådde folkegruppene i landet, samt engasjement i utdanning ved bibelskular og teologiske seminar. NLM ynskjer også å hjelpe heile mennesket, og er engasjert i landsbyutvikling, utdanning og helsearbeid, i godt samarbeid med lokale kyrkjelydar og styresmakter.
Under talen vert det som vanleg barnemøte for dei yngste, og samlinga vert avslutta med enkel servering. Vel møtt alle !