Bibelleseringen er ein del av Scripture Union som har arbeid i rundt 130 land. Bibelleseringen gir ut publikasjonar i ulike format, som alle er med å inspirere til bibelbruk for enkeltmenneske, familier, forsamlingar og ulike kristne fellesskap. Dei tilbyr også kurs for foreldre og barne- og ungdomsleiarar.
På møtet denne søndagen vil Jorunn S Djupvik ta del med tale og informasjon om det arbeidet Bibelleseringen står for. Ho har yrkestittelen » Bibelinspirator» og det vert spennande å høyre henne.
Møtet har som vanleg barnemøte i peisestova og enkel servering som felles avslutning.
Vel møtt alle !