Søndag 20.mars er det nytt » Søndag 11″ på bedehuset med påskebodskapen i sentrum for både tale og songar. Lars Kjetil Emblem kjem som talar og det vert som vanleg barnemøte i peisestova. Denne søndagen vert det også nattverd.
Misjonsvinduet vender seg denne gongen mot Indonesia. Indonesia har stor andel av muslimsk befolkning og mange av folkegruppene i landet har aldri høyrt Guds namn. NLM har arbeidd i Indonesia sidan 1975. Arbeidsoppgåvene er ulike typer bistand, der ein arbeider tett med lokalsamfunn og andre hjelpeorganisasjonar for å betre menneske sine liv og utsikter om ei betre framtid. Slik kan utsendingane vitne om Guds kjærleik gjennom måten dei lever og arbeider på. Samstundes ynskjer NLM å styrkje dei lokale kristne og motivere til misjon. NLM har eit godt og nært samarbeid med lokale kyrkjesamfunn og høgskular. På møtet søndag får vi vite litt meir om arbeidet i Indonesia pr. d.d.
Vel møtt alle til ein fin påskesøndag på bedehuset !