Sødag 24.april kl.11 har Kristen Muslimmisjon møte på Ulsteinvik bedehus. Eivind Flå talar, Solgunn og Peder Almedal syng og det blir barneopplegg ved Ståle Tønnesen.
Vel møtt!
Ulsteinvik bedehus får besøk av Olaug Bjørke, som representerer ”Åpne Dører” torsdag 14.april kl.11.
Ho vil vere gjesten på torsdagstreffet denne gongen. Olaug er eit stort sang og musikktalent, og vil bidra med fin sang og musikk. Ho vil også fortelle om arbeidet som Åpne Dører gjerfor dei kristne som er på flukt pga borgerkrigen i Syria.
Det blir også andakt, og vi håper mange vil vere med og støtte dette viktige arbeidet med å kjøpe lodd!
Det blir salg av lynlodd, kaffipause og god tid til prat rundt småbord!
Ulsteinvik bedehus er plassen for alle som har ledig tid på einformiddag, og som vil støtte eit utrulig viktig og aktuelt arbeid, det er stor, stor nød vi blir minna om, vårt bidrag kan hjelpe nokon. Ver med å støtte ”Åpne Dører” sitt arbeid!
Vel møtt til torsdagstreff! Arr. Ulsteinvik Indremisjon
Per Ekelund er talar på møtet 17.april. Han har arbeidd innafor høgskulesektoren storparten av sitt vaksne liv. No er han pensjonist og tek på seg ein del oppdrag som forkynnar i fritida si. Han har vore på bedehuset før og har mykje å gi frå Guds ord.
Barnemøtet blir ved Marit og Ståle.
Vi opnar misjonsvinduet mot Sør-Amerika denne gongen. Der har NLM arbeid i Bolivia og Peru. Sjølv om dei fleste i desse landa reknar seg som katolikkar, er det få som kjenner Jesus som sin frelsar. Folketru, tilbeding av Moder Jord, helgen- og fedredyrking er svært utbreidd. I tillegg har aukande materialisme og nye religiøse retningar prega samfunnet dei siste tiåra.
NLM er engasjert i bibelundervising, leiaropplæring, rådgjeving til kyrkjer og undervising ved det teologiske seminaret Setela. NLM samarbeider med kyrkjene om eit allsidig barne- og ungdomsarbeid både knytt til kyrkjelydar, men også via leirstader, og støttar drift av fleire skular, barnehagar og internat for skuleelevar. Misjonen ynskjer å vise kva Guds ord seier om at kvar enkelt er kjent og elska av Jesus og har ein plass i hans rike.
Samlinga vert som vanleg avslutta med enkel servering i storsalen. Vel møtt DU også til ein vårsøndag på bedehuset !