Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet. Han vil besøke søre Sunnmøre denne helga.
Ulsteinvik Indremisjon står som arrangør av bibelhelga. Samlingane blir i Ulsteinvik bedehus, og det blir to bibeltimar fredag kveld og to laurdag kveld, med tid mellom samlingane til samtale og enkel servering.
Erik Furnes er ein dyktig forkynnar, han var også i Ulsteinvik på påskemøter i mars i år. Styret i Ulsteinvik Indremisjon vil ønske velkommen til bibelhelg og håper at mange tek seg ein tur til Ulsteinvik bedehus ein eller fleire av desse dagane.
På søndag taler Erik Furnes på formiddagsmøtet, då blir det også søndagsskule og servering etter møtet.
Det er kjekt å møtast frå fleire bygder, og vi håper det er mange som vil lytte til det som Erik Furnes vil dele frå Bibelen.
Hjertelig vel møtt til Ulsteinvik bedehus og hausten si første bibelhelg.
Sjå elles plakater og annonser!