Torsdag 20.10. kl 1930 er det møte for Kristen Muslimmisjon på bedehuset. Det har denne hausten vore lagt opp til møte for KMM ein gong i månaden. Kretsstyreleiar Reidar Fiske var her i september, og misjonær Hillebrand Dijkstra var her i september.
På møtet i oktober er det igjen kretsstyreleiar Reidar Fiske som kjem på besøk. Han er opprinneleg frå Surnadal, men har budd i mange år på Flisneset. Han er ein solid forkynnar som eg gjerne rår til å lytte til. Reidar har vore mykje brukt både som forkynnar og i styresamanheng i fleire organisasjonar.
Underteikna er kontaktperson for Kristen Muslimmisjon i Ulsteinvik og håpar at rektig mange vil finne vegen til bedehuset dette torsdagen.
Peder Almedal