Månedlige arkiver: mars 2017

Olaug Bjørke og «Åpne dører» på formiddagstreff 29.mars

Olaug Bjørke

Denne gongen er det Olaug Bjørke, opprinnelig frå Gjerdsvika, som er gjest på formiddagstreffet på Ulsteinvik bedehus onsdag 29.mars kl.11. Formiddagstreffa på bedehuset er veldig gode samlingar som blir arrangert nokre gongar i året. Denne samlinga er den andre i 2017.

Det blir mykje sang og musikk, og forkynning til glede og oppmuntring. Olaug vil tale Guds ord, fortelje frå arbeidet som organisasjonen » Åpne dører» driv, og Olaug vil synge mykje og spele piano.

Det blir god tid til kaffipause og lynlodd. Denne gongen går inntekta til » Åpne dører» og støtte  til kristne flyktningar i Midt-Austen. 

Vi håper mange vil sette av formiddagen og delta på formiddagstreff på bedehuset. Vi ønsker varmt velkommen alle som har tid og lyst til å kome innom!

Arr: Styret i Ulsteinvik Indremisjon

http://radiosunnmore.no/program/apne-dorer/

Kristen Muslimmisjon våren 2017

Kristen Muslimmisjon har planlagt to møte til på bedehuset våren 2017.

Møta er 20. april og 1. juni.

Egil Sæther

Det er Håkon Frøystad og Egil Sæther som har lova å kome på begge desse møta.  Egil Sæther var tidlegare kretssekretær i Møre og Romsdal.  Kristen Muslimmisjon er danna som følgje av eit kall Otto Torvik frå vårt fylke hadde tidleg på 1900-talet for å nå muhammedanarane med evangeliet.  Det er dette arbeidet vi også får stå i fortsatt i India, Indonesia, Israel, Senegal og Norge.  Håkon og Egil syng også i lag.  Hjerteleg velkomen til kvar og ein.

Oversikt over alle møte for Kristen Muslimmisjon finn de på www.kmmisjon.no/moter .

Søndag 11 ved Lars Kjetil Emblem

Fotolia_29169886_M-1030x684

Søndag 2.april er det Lars Kjetil Emblem som vert med som talar på møtet. Han har reist som forkynnar i Misjonsssambandet mest heile sitt vaksne liv. Han deler året med reiseverksemd i vinterhalvåret og langtransportsjåfør andre halvdel. Lars Kjetil har vore her mange gongar før, og har mykje å dele med oss.

På samlinga vert det vanleg barnemøte i peisestova, misjonsglimt frå arbeidet i Sør- Amerika, og fellesskap omkring kaffibordet til slutt.

Alle vel møtt !