Foto Vestborg: Markus Engås og Flora Miro, Prosjektleiarar for russen 2018
Frå søndag 14.1- søndag 21.januar er avgangselevar ved Vestborg vidaregåande skule på turne i fylket og i Nordfjord. Turneen vert arrangert i godt samarbeid med regionkontoret for NLM.
2 av russen ( Markus og Flora) var i Indonesia i november for å bli betre kjend med land, kultur og dei ulike arbeidsoppgåvene NLM har i landet. No vil russen vere med å samle inn pengar til noko av dette. Kvar gruppe har med seg ein talar og vil besøkje skular, bedehus og forsamlingar. På møta tek russen del med møteleiing, opning og informasjon om Vestborg og prosjekta i Indonesia.
Mangor Harestad er med som talar i den gruppa som kjem til Ulsteinvik bedehus. Han har vore her før og vi gler oss til besøk- både av Mangor og av russen.
Arr: Vestborg vg skule og NLM Nordvest.