Månedlige arkiver: september 2019

Levande tru kveldar 8-10.oktober ved Lars Kjetil Emblem

Ulsteinvik Misjonslag NLM inviterer DEG til bibelkveldar på bedehuset, til litt annleis møter. Med Levande tru samlingane ynskjer ein å gå litt meir i djupna på det bibelske stoffet enn ein gjer på eit vanleg møte. Denne gongen er det fokus på dei 10 boda,- Guds gode vilje til beste for oss.

Tidene forandrar seg og vi med dei. Menneska vil nok alltid vera dei same, men på same tid har vi i dag mange nye problemstillingar i høve til t.d. for 50 år sidan.  Å vera kristen handlar om å gjere dei gode vala slik at ein kan få leve i Guds velsigning og vere til velsigning. Gjennom undervisning og samtale vonar vi at desse samlingane skal vere til oppmuntring og hjelp.

Samlingane er tysdag, onsdag og torsdag kl 19.30-21.00. Møta er uformelle der Emblem har ei innleiing til temaet og med påfølgande samtale ved borda over ein varm kopp kaffi/ te og enkel servering.

Vel møtt alle, og inviter gjerne nokon med deg!

BASAR

Det er haust og tid for basar på Ulsteinvik bedehus.
Inviter naboen, familie og venner til å bli med.
Laurdag 19.oktober kl.16.30.
Det blir andakt ved Margrethe Bjørkavåg Bakke.
På basaren blir det utlodding, åresal og trekning av loddbok. Her er også sal av god mat.
For dei som vil levere inn gevinstar kan dette gjerast på bedehuset frå kl.17, fredag 18.oktober.
Vel møtt!

Misjonsmøte 8.9 kl 19.30. Nytt frå Stor-Kina

Søndag 8.september er det misjonsmøte på bedehuset med Steinar Dimmen som talar.

Vi får også høyre nytt frå arbeidet i Stor-Kina. Området er NLM sitt eldste misjonsfelt. Kallet til Kina var sjølve årsaka til at NLM vart grunnlagt under namnet Kinamisjonsforbundet, og dei fyrste misjonærene reiste til landet i 1891. Arbeidet i Hongkong og Macao og på Taiwan vart starta som eit resultat av at NLM sine utsendingar måtte forlate fastlands-Kina i 1950, då kommunistene kom til makta, og mange kinesarar flykta til desse områda.

I dag skjer det mykje spennande i området. Kom og høyr meir på møtet !

 

ALLE VEL MØTT !