Laurdag 6.mai kl. 18.00 får Ulsteinvik bedehus besøk av Misjon Sarepta. Denne organisasjonen arbeider i Spania, og mange frå Sunnmøre er blitt kjent med Misjon Sarepta når dei har besøkt bibelsenteret til organisasjonen sør i Spania. I Alfas del Pi drivast bibelskule både for nordisktalande og spansktalande elevar. Gjennom året er det tilbod om ulike leirar på senteret
Denne laurdagen får vi besøk av Hans Bergane. Han er frå Telemark, men bur no i Molde. Bergane har tidlegare vore misjonær i Bolivia, men reiser no som forkynnar i Norge. Det blir gitt informasjon om arbeidet i fleire byar i Spania.
Hareid musikklag vil delta denne laurdagskvelden. Servering ved borda blir det også denne kvelden i Ulsteinvik bedehus.
Velkommen