Dei historiske bilda over viser oppstart av foreininga for 40 år sidan, samt årgangen frå 2002,- då dei runda 25 år i samling for misjonsarbeidet i Sør- Amerika. Kanskje det er nokon som kjenner seg igjen ?
Søndag 17 september inviterer foreininga til flott 40- års lag på Ulsteinvik bedehus kl 16.00.
Tale og misjonsglimt blir ved Solveig og Helge Hånes, samt ved svigerdotter deira, Rebeca Chamaco Hånes. Ho er sjølv frå Sør Amerika. Johannes F Davidsen tek del med flott musikk.
Det blir eige opplegg for barna og sjølvsagt rikeleg med kaffi og kaker.
Vel møtt du også og ta gjerne med deg nokon !