I dag, 13.mars er det søndag 11.
Denne gongen får vi besøk av Gry Sæther. Ho er i frå Hardanger, men er
no lærar på Møre barne – og ungdomsskule i Ålesund. Før ho gjekk
lærarskulen, var Gry barne – og ungdomsarbeidar i NLM. Ho er kjend for
si gode formidlingsevne og talar slik at både barn og vaksne får tak i
bodskapen frå Guds Ord. Solfrid er møteleiar og saman med Oddvar vil dei
spele gitar og trekkspel til songane. Frå bønnekrukka vil ulike bønnemne
bli tatt fram. Søndag 11 – samlinga avsluttast med matøkt. Vi ønsker
alle vel møtt!