Grunna covid-19 blei den tradisjonelle julefesten i Ulsteinvik bedehus avlyst i fjor, men i år blir den arrangert igjen på torsdag 29 des.kl. 17.00 i romjula.
I år er det ein av lærarane på Møre barne-og ungdomsskule, Marita Stang som skal halde andakta, og musikklærar på bibelskulen på Bildøy, Anne Marte Lillebø vil også delta. Ho vil synge til oss og spele til songane når vi går rundt juletreet. Under julefesten blir det musikkinnslag. Servering blir det også på julefesten. Sjå annonse om julefesten i Vikebladet i dag.
Formiddagstreffa i Ulsteinvik bedehus startar opp onsdag 4.januar. I fjor blei det kombinerte formiddagstreffet og julefesten avlyst grunna koronaen, men i år er arrangementet tilbake igjen. Olaug Lillian Bjørke vil både tale og synge denne onsdagen. Utlodding til inntekt for Opne dører og servering står på programmet. Det første formiddagstreffet i 2023 blir avslutta med gang rundt juletreet.
Jula feirar vi til minne om Jesu fødsel. Gud blei fødd som eit lite barn i Betlehem. Han kom til verda for å bli Frelsaren vår.
Vel møtt til samlingane i Ulsteinvik bedehus!
Med ønske om ei velsigna jul og eit fredfullt nyttår frå Ulsteinvik Indremisjon.