JOHAN HALSNE BESØKER ULSTEINVIK BEDEHUS

Komande onsdag inviterer Ulsteinvik Indremisjon til formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus.

Onsdag 6.mars får vi besøk av Johan Halsne. Han er frå Rogaland, men har no i fleire år vore krinsleiar på Sunnmøre for Indremisjonsforbundet. Han er nok her på Søre Sunnmøre mest kjent som leiar av det årlege arrangementet med evangeliske songar på Thon hotel i Fosnavåg. Han har også vore med på bibelkursa som har vore på Møre barne-og ungdomsskule i Herøy.

Denne formiddagen i Ulsteinvik bedehus vil han halde andakta til oss.Som vanleg på formiddagstreffa blir det tid til ei god matøkt rundt borda.

Det blir høve til å kjøpe lodd på mange fine gevinstar.

Vel møtt til alle i bedehuset i Ulsteinvik komande onsdag!Sjå annonse i Vikebladet på tysdag.

Ulsteinvik Indremisjon