MISJON SAREPTA TIL ULSTEINVIK

Komande laurdag 18 okt. kl. 18.00 får Ulsteinvik bedehus besøk av Misjon Sarepta.

Denne organisasjonen er berre ti år gammal, men driv allereide eit omfattande arbeid. Mesteparten av arbeidet til Misjon Sarepta skjer i Spania. Her driv ein bibelsenteret Centro Sarepta i nærleiken av Alicante.

Her i byen Alfaz del Pi driv ein bibelskule og støttar hjelpearbeid mellom ulike grupper. På solkysten av Spania er sjølvsagt dei fleste spanjolar, men her er også mange innvandrarar frå det nordlege Afrika som treng hjelp. Dei kjem til Spania for å finne arbeid. I kommunen der Centro Sarepta ligg, bur sju tusen nordmenn. Mange av desse har liten kontakt med heimlandet, og mange av dei har stort behov for hjelp.

Det er få evangeliske kyrkjer i Spania, og Misjon Sarepta sender forkynnarar til fleire byar i landet.I dei nordiske landa reiser mange forkynnarar frå Misjon Sarepta med evangeliet.

Denne laurdagen er det Hans Bergane som kjem på besøk. Forkynnarane bruker ofte bubil når dei besøker bygdene. Bergane var for nokre veker sidan utsett for ei ulykke med bubilen. Øvst i Setesdalen kolliderte han i 80 kilometer med ei elgku på 200 kilo. Bubilen blei totalvraka, og elgen måtte avlivast. Som ved eit under slapp Bergane frå ulykka utan skader.

På laurdagskvelden i Ulsteinvik bedehus vil Hans Bergane forkynne med tema frå Salme 25 i Bibelen.

Musikklaget God Bodskap vil synge til oss, og det blir også tid til ei matøkt rundt kaffeborda.

Vel møtt til ein hyggeleg haustkveld i bedehuset.

Sjå annonse i Vikebladet på fredag 18.okt.

Sareptas Vipps-nummer er 11616.

Når du gir en gave til Sareptas arbeid via Vipps vil vår logo komme opp.

Misjon Sarepta

__________________

Ulsteinvik bedehus

laurdag 19.oktober kl.18.00:

Hans Bergane talar

Song av God Bodskap

Servering

Misjon Sarepta