No nærmar det seg raskt påske og då blir det fleire ulike møter på bedehuset. Fyrst i rekka er » «Søndag 11», palmesøndag. Då er det barnemøte ved Eli Beate og Håvard Ringstad og tale for dei vaksne ved Inge Ulstein. Songar og innhald elles ber preg av påskebodskapen, anten det er for ung eller eldre.
Misjonsinformasjon denne gongen er frå Etiopia, eit land Misjonssambandet har hatt arbeid i sidan 1948. NLM arbeider tett med den lokale Mekane Yesus-kyrkja ( EECMY) for å nå dei minst nådde folkegruppene i landet. Kyrkja veks raskt i medlemstal og har ei stor utfordring i å få utdanna evangelister, teologer og prester nok. NLM er engasjert i utdanning ved bibelskular og teologiske institusjonar.
Etiopia ligg på Afrikas horn og grenser til Somalia, Eritrea, Sudan og Kenya. Landet er over tre gongar så stort som Norge og har over 80 millioner innbuarar med mange ulike etniske folkegrupper og 85 ulike språk. Etiopia er eit fattig land og folket treng hjelp både for kropp og sjel. EECMY og for NLM er difor også engasjert i ulike prosjekt som landsbyutvikling, utdanning og helse saman med kyrkja og styresmaktene.
Vel møtt alle til påskemøta og inviter gjerne nokon med deg !