Det er snart klart for julefeiring og mykje står på programmet for dei aller fleste. Julefest i romjula er ein god tradisjon å ta vare på!
Bedehuset i Ulsteinvik inviterer store og små til å delta på årets julefest 29.desember kl.17.
Ein dyktig komite er i gang for å gjere festen og programmet så godt og innhaldsrikt som mulig. Du kan føle deg heilt sikker på at det er verdt å sette av ein kveld i romjula til å delta på bedehuset sin julefest.
Årets taler blir Hilde Giske Lukkedal, tidlegare barnesekretær i Sunnmøre Indremisjon og no styrer på Brusdalsheimen. Ho har lang fartstid med julefestar og gler seg til å kome til Ulsteinvik. Det blir mykje sang og musikk, i tillegg til julesanger for alle og gang rundt juletreet. Oline Sæverud Aksnes vil delta med sang. Synge vil også to utflytta Ulstein-damer: Brynhild og Ingvild Ulstein som no bur i Rogaland! Unge Samuel Fiskerstrand vil opptre med sitt «blåseinstrument», og han vil også sørge for fine juletoner.
God tid til mat og prat blir det i år også, og det blir dekka koldtbord i matsalen, og det blir nok fullt både oppe og nede. Mykje godt blir sett fram, og noko for både barn og vaksne. Litervis med kaffi gjekk unna i fjor, så komiteen er klar for stort innrykk.
Det koster ikkje noko å delta, men alle kan vere med å gi ei gåve til misjonen, som blir både til Misjonssambandet og Sunnmøre Indremisjon.
Hjertelig velkommen store og små!