Forfatterarkiv: Jan Erling Davidsen

Davids grotte og ungdomsgruppa

Møte for barn -og ungdom under 20 år  er tillatt:

Onsdag 23.januar kl.18.00: Davids Grotte. Aldersgruppa: 5.-7.klasse

Onsdag 27.januar kl.18.30: Ungdomsgruppa. Aldersgruppa: Frå og med 8.klasse og oppover.

Vandregudsteneste»/bønnevandring

Styresmaktene har vedtatt at vi ikkje kan samlast meir enn max 10 stk. til Gudsteneste/møte  i Gudshusa våre dei 2 komande søndagane.  Vi i Filadelfia  inviterer alle medlemmer og andre medlemmer i dei «kristne båtlaga» i Ulstein  til å vere med på «Vandregudsteneste»/bønnevandring  fk. søndag kl 11:00. Filadelfia står for det praktiske med h.h.t smittevern.mm.   Nokre frå Filadelfia vil bere refleksvest.

Tenkt opplegg ( ikkje 100%) spikra  

Oppmøte kl 11:00 parkelingsplassen framfor Amfi i retning rundkjøringa

Kort orientering appell.

Vi går utover forbi Bibelsenteret der vi stopper og ein ber for det båtlaget.

Vi går videre til Filadelfia der vi stopper og ein ber for det båtlaget.

Så til plenen framfor Rådhuset der 2 – 3 stk. ber for DNK /Fredheim .. Kongehuset – og styresmaktene 

Så går vi forbi Bedehuset, stopper og ein ber for det båtlaget .

Videre fylgjer vi gangvegen ned forbi Almegjordet barnehage forbi Shell og til området rundt Gullblokka.

Her ber vi for næringslivet i distriktet og alle arbeidsplassane  for alle som bur i kommuna og kommunene rundt oss.

Vi veit at det er mange som har hatt og har sin arbeidsplass bl.a både på Kleven og Ulstein / Kongsberg

Desse bedriftene har også generert fleire jobber for andre bedrifter og virksomheiter.

NB! PÅ denne bønnevandringa skal fokuset vere på Menighetsliv, Pademien,  arbeidsplassane og dei styrande i fedrelandet.  … ikkje enkelte interessesaker. 

Vi skal ikkje gløyme dei involverte av katastrofen i Gjerdrum kommune.  

Sluttappell 

Dersom det vert muleg og vi kan halde den nødvendige avstanden, så vert det tatt nokre enkle kjende sangkor under veis (utan instrument)

Vandregudstenesta vert avslutta her.

NB! Vi  MÅ  fylgje alle retningslinene  for smittevern(avstand).. spesielt når vi stanser opp. 

For å vite kor mange som vil/kan delta så blir det påmelding via SMS.  husk navn må skrives i SMS..   

Påmelding 

Arnt Vidar 99012005           

Jarle 90075242

Advent og jul i Ulsteinvik bedehus

Sjølv om covid 19-sjukdommen gjer at det er vanskeleg å gjennomføre møte dette året, vil det bli nokre samlingar i bedehuset i advent og i jula. Alle samlingar skjer i samsvar med smittevernreglane.

Sjølv om corona-viruset fører til avgrensingar i arbeidet, har det  vore viktig å halde oppe barne – og ungdomsarbeidet. Det blir også   førjulssamlingar no i advent. Allereide i morgon på onsdag kveld vil Davids Grotte ha juleavslutning. Dette er ei gruppe for dei som er i alderen 5.-7.klasse.Onsdag 16.desember er det adventssamling for ungdomsgruppa i bedehuset. Dette er for aldersgruppa frå 8.klasse og oppover.

Torsdag 10.desember er siste formiddagstreffet i år. Vi får besøk av Kjell Einar Ljones. Han har temaet: Mor – ei perle med mange fasettar. Søndag 11 blir arrangert 13.desember. Dette er ei familesamling der vi får besøk av barnearbeidar Hilde Sofie Blindheim Østrem frå IMF-Sunnmøre. Alle samlingane vil vere prega av at vi no er i adventstida.

På tysdagane før jul blir det samlingar om bibel og bønn der vi  samtalalar  om dei tekstane vil les.

Sjølv om vi ikkje kan gå rundt juletreet i år, blir det julefest i bedehuset tysdag 29.desember. Juletreet blir likevel pynta, og den glade bodskapen blir forkynt av Lars Kjetil Emblem. Grunna covid 19 -viruset må ein ha påmelding til julefesten då ei ikkje kan ha fullt hus .

Sjå annonsene i Vikebladet og omtale på sidene til Ulsteinvik bedehus.

                                                     Ulsteinvik bedehus

Info

Etter at vi har hatt møtepause i veke 46 og 47 blir bedehuset opna for møte igjen frå og med måndag 23.november. Dette skjer etter tilråding frå Indremisjonsforbundet sentralt. Alle møte vil skje i samsvar med smittevernreglane. På møteplanen finn du opplysningar om møta i bedehuset resten av dette året.

Møter avlyst

Grunna korona-pandemien blir det ikkje møte i bedehuset til og med søndag 22.november, men Davids Grotte, onsdag 11.november og Ungdomsgruppa, onsdag 18.november blir gjennomført i samsvar med smittevernreglane.

Når det gjeld møte etter 22.november, vil vi kome tilbake med informasjon,

Styret i Ulsteinvik Indremisjon

Velkomen til møte

ARILD OVE HALÅS TIL ULSTEINVIK BEDEHUS

15.oktober Torsdag kl.19.30

Ulsteinvik bedehus får besøk av Arild Ove Halås. Han er ei kjend røyst på Radio Sunnmøre. Denne veka skal han tale over tekstar frå Galatarbrevet på bedehuset i Ulsteinvik.

Samlingane startar torsdag. Denne kvelden blir det song  av Hareid musikklag. På laurdag vil Halås halde to bibeltimar, og det blir servering mellom bibeltimane. Vi får også besøk av songaren Tor Rødset denne kvelden. På søndag 11 blir det søndagskule under talen til Halås. Det blir nattverd og servering.

Velkommen skal du vere til samlingane!