Søndag 8.mars kl 19.30 blir det misjonskveld på bedehuset ved Jan Magnus Dybvik. Han og kona har arbeidd i fleire år i Vest-Afrika. No i vinter arbeider han i region Nordvest og besøkjer forsamlingar og lag. På samlinga får vi også høyre nytt frå arbeidet NLM har i Etiopia.
Tysdag 10.mars kl 19.00 inviterer Ulsteinvik Misjonslag NLm inn til årsmøte.
Steinar Dimmen vil halde andakt. Det blir vanlege årsmøtesaker, samtale og enkel servering.
Oddveig og Kolbjørn Molnes skal delta på formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus torsdag. Dette blir eit skikkeleg « radio-aktivt» formiddagstreff!
Oddveig Molnes har vore programleiar i nærradioen i fleire tiår, og denne kjende radiostemma er altså stemma til ei smilande og engasjert dame. Oddveig syng nydeleg, og både ho og mannen Kolbjørn er ofte rundt på møter og samlingar.
Mange frå søre Sunnmøre kjenner begge to, og vi ser fram til mykje god sang og musikk og inspirerande forkynning.
Nydeleg gospel og piano eller gitar høyrer saman med denne duoen.Oddveig og Kolbjørn Molnes er engasjerte og aktive pensjonistar, og Oddveig tek fortsatt oppdrag for Radio Sunnmøre. Ho er i studio både titt og ofte. Ho har alltid gode historier på lur, og mykje god humor.
På formiddagstreffet i Ulsteinvik bedehus vil Oddveig og Kolbjørn både tale og synge og spele piano. Dei kjem til å fortelle siste nytt frå arbeidet i Radio Sunnmøre. Det blir god tid til mat og prat og utlodning. Inntektene av loddsalget går til drifta av nærradioen.
Styret i Ulsteinvik indremisjon ønsker varmt velkommen til formiddagstreffet på torsdag.
Søndagskvelden er det Oscar Nordbø som kjem som talar på kveldsmøtet 19.30.
Han og familien har arbeidd mange år i Afrika, i Vest-Afrika. Denne kvelden vil vi få korte glimt frå Nord- Afrika. Nord- Afrika utgjer 7 områder : Algerie, Egypt, Libya, Marokko, Sudan, Tunisia og Vest-Sahara.
Regionen har historisk sett vore senter for kyrkja. Kjente personar som Augustin, Cyprian og Tertullian kom alle derfrå. Dei var medverkande til at kristendomen vart kjend og etter kvart også fann veg til Norge.
Etter fleire arabiske invasjonar er det nesten ingen kristne att i området, men nokre er det. Særlig gjeld dette blant barbere.
Gordon Tobiassen er blitt sjuk. Vi har fått nye talarar. Fredag 31.januar kl.19.00: Kristine Røren talar.
Laurdag 1.februar kl.19.30: Anne Sofie Holen Tønnesen talar.
Søndag 2.februar kl.11.00: Kjell Furnes talar.
Bibeltimane på laurdag formiddag må dessverre gå ut. Pinsekyrkja Filadelfia – Ulsteinvik Indremisjon
<S>Fredag 31.januar kl.19.00: Fellesmøte i Filadelfia. Gordon Tobiassen taler. Laurdag 1.februar kl.11.00: Fellesmøte i Filadelfia. Gordon Tobiassen taler. Laurdag 1.februar kl.19.30: Fellesmøte i bedehuset. Gordon Tobiassen taler. Song av God Bodskap. Søndag 11. 2.februar: Fellesmøte i bedehuset. Gordon Tobiassen taler. Servering. Søndagskule.</S>
I månadskiftet januar-februar får Ulsteinvik besøk av Gordon Tobiassen. Han reiser som forkynnar i organisasjonen Ordet og Israel, som driv arbeid i Norge og støttar prosjekt i Israel.Organisasjonen sin visjon er at jødar får Bibelen sitt syn på Jesus som Messias og at kristne får Bibelen sitt syn på Israel. Desse møta er fellesmøte mellom pinsekyrkja Filadelfia og Ulsteinvik Indremisjon.Møta på fredag kveld og på laurdag formiddag blir i Filadelfia medan møta på laurdag kveld og søndag formiddag blir i bedehuset i Ulsteinvik. På laurdag kveld vll også musikklaget God bodskap delta på møtet. Gordon Tobiassen er kjend for å legge fram Guds Ord på ein måte som gjer det lett for tilhøyrarane å forstå bodskapen. Han vil på samlingane denne helga ta fram den aktuelle situasjonen i Midt-Austen i lys av profetiane i Bibelen.
Kveldsmøtet er kl 19.30 og talar er Steinar Dimmen.
Det blir også nytt frå arbeidet i Indonesia. I Indonesia er det 234 unådde folkegrupper. NLM arbeider mellom to av desse folkegruppene, som er omlag 5,5 millionar menneske. På grunn av sikkerheit, kan vi ikkje gi opp namn på desse gruppene, eller kvar utsendingane bur.
Mykje av NLM sitt arbeid i Indonesia er særleg retta mot barn. Det gjeld ikkje minst i det evangeliske arbeidet, for sjølv om Indonesia har fleire millionar kristne og mange levande kyrkjesamfunn, er det stadig behov for opplæring og støtte til barne- og ungdomsleiarar. I tillegg driv NLM bistandsarbeid og business as mission i form av hotelldrift/reiselivsverksemd.
Kom og høyr meir om dette på møtet ! Alle er vel møtt !
7 grupper skal ut og besøke mange bedehus, frå Selje og Stryn i sør til Aure og Kyrksæterøra i nord. Misjonsprosjektet i år er arbeid i Japan. Ei gruppe elevar fortel frå prosjekt i Japan og litt glimt frå Vestborg- livet
Det er fantastisk flott at ungdomar prioritere å bruke ei veke på denne måten og vi gler oss til å møte dei.
Turneen startar 12.1 og onsdag 15.1 kjem ei av gruppene til vårt bedehus. Talar her er Oscar Nordbø. Kvelden etter skal dei vidare til Hareid.
Det blir samling i Ulsteinvik førstkomande søndag. Då får vi besøk av Helge Åkernes.
Han har vore leiar for søndagsskule og barnearbeidet/ leirarbeidet på Sunnmøre. Han har lang erfaring i arbeid blant barn og unge, og Helge har også vore tilsett ved Ålesund folkehøgskule tidlegare. Han arbeider no for organisasjonen «Åpne dører», og han er lokal kontaktperson for KRIK på Nordvestlandet.
På søndagssamlinga i bedehuset vil han tale og fortelle frå bibel-historia til alle, både barn og vaksne.
Spennande aktivitetar blir det også, sidan Helge Åkernes er kjend for å vere ein svært kreativ fyr.
På Søndag-11 vil det også bli mykje sang og musikk. På bildet: Helge Åkernes som både er kontakt for KRIK på Sunnmøre og som jobber for « Åpne Dører»
Etter programmet vil det bli servering og god tid til mat og prat. Misjonsgåva denne søndagen vil bli samla inn til Sunnmøre Indremisjon.
Ulsteinvik Indremisjon ønsker små og store vel møtt til søndagens familiemøte.