Forfatterarkiv: Marita Ulstein Stang

Bibelhelg med Erik Furnes

erik furnes

Erik Furnes er generalsekretær i Indremisjonsforbundet. Han vil besøke søre Sunnmøre denne helga.

Ulsteinvik Indremisjon står som arrangør av bibelhelga. Samlingane blir i Ulsteinvik bedehus, og det blir to bibeltimar fredag kveld  og to laurdag kveld, med tid mellom samlingane til samtale og enkel servering.

Erik Furnes er ein dyktig forkynnar, han var også i Ulsteinvik på påskemøter i mars i år. Styret i Ulsteinvik Indremisjon vil ønske velkommen til bibelhelg og håper at mange tek seg ein tur til Ulsteinvik bedehus ein eller fleire av desse dagane.

På søndag taler Erik Furnes på formiddagsmøtet, då blir det også søndagsskule og servering etter møtet.

Det er kjekt å møtast frå fleire bygder, og vi håper det er mange som vil lytte til det som Erik Furnes vil dele frå Bibelen.

Hjertelig vel møtt til Ulsteinvik bedehus og hausten si første bibelhelg. 

Sjå elles plakater og annonser!

Møter ved Kristen Muslimmisjon på Ulsteinvik bedehus

KMM Jubileumslogo 75 år

Kristen muslimmisjon sine møte på bedehuset blir ved kretsstyreleiar Reidar Fiske både i august, oktober og november.  I september får vi besøk av misjonær Hillebrand Dijkstra.  Han er misjonær i Senegal der han i samarbeid med Wiclyff har dreve bibelomsetjing til Saafi-saafi språket.  På novembermøtet vil vi trekke kretslotteriet og lage til ei lita lokal utlodning i tillegg til det.  Gjennom å legge opp til eit møte i månaden for Kristen Muslimmisjon håpar vi at fleire kan bli kjende med dette arbeidet og tende for å vere med å bringe evangeliet til muslimane.  For oversikt over andre møte for organisasjonen i nærområdet, kan ein gå inn på nettsida www.kmmisjon.no/moter .

  Sajinipara misjonsstasjon

Velkomne til møta på Ulsteinvik bedehus!

Torsdagstreff med «Åpne Dører»

Ulsteinvik bedehus får besøk av Olaug Bjørke, som representerer ”Åpne Dører” torsdag 14.april kl.11.

Ho vil vere gjesten på torsdagstreffet denne gongen. Olaug er eit stort sang og musikktalent, og vil bidra med fin sang og musikk. Ho vil også fortelle om arbeidet som Åpne Dører gjerfor dei kristne som er på flukt pga borgerkrigen i Syria.

Det blir også andakt, og vi håper mange vil vere med og støtte dette viktige arbeidet med å kjøpe lodd!

Det blir salg av lynlodd, kaffipause og god tid til prat rundt småbord!

Ulsteinvik bedehus er plassen for alle som har ledig tid på einformiddag, og som vil støtte eit utrulig viktig og aktuelt arbeid, det er stor, stor nød vi blir minna om, vårt bidrag kan hjelpe nokon. Ver med å støtte ”Åpne Dører” sitt arbeid!

Vel møtt til torsdagstreff!                                   Arr. Ulsteinvik Indremisjon

Påske

Det blir møter i Ulsteinvik bedehus denne veka med tema » PÅSKE «.

påske

Talar på møta blir forkynnar Leif Nesheim. Han har vore i Ulsteinvik tidlegare, han kjem frå Bergen og har lang fartstid som forkynnar og sanger i Indremisjonsforbundet.I år er påska tidleg, påskefeiringa nærmar seg og det blir fint å lytte til forkynning og sang  som har påskebudskapet i fokus.

Møta blir kvar kveld frå torsdag til søndag. På laurdag blir også Solfrid Ulstein Rise med og syng, og det blir kaffi og noko å bite i etter møtet.

Vi ønsker alle vel møtt til gode møter som kan vere med å gi oss den » gode » og rette
påskestemninga.

 

Ulsteinvik Indremisjon arrangerer desse møta, og det blir tatt opp kollekt til Indremisjonen.

 

Vel møtt!

Julefest på bedehuset 29.desember

Det er snart klart for julefeiring og mykje står på programmet for dei aller fleste. Julefest i romjula er ein god tradisjon å ta vare på!

Bedehuset i Ulsteinvik inviterer store og små til å delta på årets julefest 29.desember kl.17.

jesusbarnet i krybba

Ein dyktig komite er i gang for å gjere festen og programmet så godt og innhaldsrikt som mulig. Du kan føle deg heilt sikker på at det er verdt å sette av ein kveld i romjula til å delta på bedehuset sin julefest.

Årets taler blir Hilde Giske Lukkedal, tidlegare barnesekretær i Sunnmøre Indremisjon og no styrer på Brusdalsheimen. Ho har lang fartstid med julefestar og gler seg til å kome til Ulsteinvik. Det blir mykje sang og musikk, i tillegg til julesanger for alle og gang rundt juletreet. Oline Sæverud Aksnes vil delta med sang. Synge vil også to utflytta Ulstein-damer: Brynhild og Ingvild Ulstein som no bur i Rogaland! Unge Samuel Fiskerstrand vil opptre med sitt «blåseinstrument», og han vil også sørge for fine juletoner.

God tid til mat og prat blir det i år også, og det blir dekka koldtbord i matsalen, og det blir nok fullt både oppe og nede. Mykje godt blir sett fram, og noko for både barn og vaksne. Litervis med kaffi gjekk unna i fjor, så komiteen er klar for stort innrykk.

Det koster ikkje noko å delta, men alle kan vere med å gi ei gåve til misjonen, som blir både til Misjonssambandet og Sunnmøre Indremisjon.

Hjertelig velkommen store og små!

Resultatet av trekninga frå basaren i Ulsteinvik bedehus, laurdag 31 oktober

4 handdukar                                        Kjersti Sundal
Pikniksekk                                            Ingeborg Dyrhaug Hatløy
Gavekort, Pernilles Clinique               Trond Ellingsen
Spisebordduk                                       Gunn Hofseth
Dokke med garderobe                         Marit og Kåre Haddal
Steikepanne                                          Hildegerd Dragnes
Brudevollmør                                       Svein Rødseth
Bibel                                                       Perdy Ringstad
Gavekort, Match                                   Borghild Kaldhol
Krystallbolle                                          Åge Nystøl
Rosendal tallerk                                    Bjørg Sætre

Rett trekning: Dagny Davidsen, Oddbjørn Ringstad og Ståle Tønnesen

Storsamling i Herøy komande søndag 24.august

Sunnmøre indremisjon vil denne søndagen arrangere storsamling på Møre barne og ungdomsskule i Myrvåg kl.12 (merk tida!). I fjor var det nesten 200 små og store samla i idrettshallen, og vi håper mange har lyst yil å delta i år.

Tre ord er i fokus: inspirasjon, fellesskap og forkynning. 

johan-halsne

Johan Halsne vil forkynne denne formiddagen, han er ny leiar i Sunnmøre Indremisjon, og har eit ønske om å få møte mange av dykk! Miriam Mulelid vil delta, og ho har ansvaret for søndagsskulen. Ho har vore barnearbeidar og formidler Bibelen på spennande måter til barna, med drama, forteljing og rollespel.

Paul Eikrem m.fl har ansvaret for nattverdsfeiring.  Kollekt til Sunnmøre Indremisjon.

Samlinga er ein time seinare enn vanlege søndagssamlingar, fordi det kjem mange tilreisande. Det blir søndagsskule i amfiet Miriam Mulelid m.fl og det blir god tid til kaffi og kaker etterpå. Det blir også salg av pølser m/brød, for dei som ønskjer veldig enkel middag!

Håper mange kjenner at dei har lyst til å prioritere denne storsamlinga!

Bli med, bli inspirert av forkynninga, sangen, musikken og fellesskapet! Vi ønskjer små og store, unge og gamle hjertelig velkommen til Møre neste søndag!

Arr. Sunnmøre Indremisjon

I veke 19, 6.-10.mai får vi besøk av evangelistene Marta og Edgar Paulsen på bedehuset i Ulsteinvik.  Dei har reist Norge rundt som evangelistar sidan begynnelsen av 90-tallet. Først for Den indre sjømannsmisjon, og sidan for Indremisjonsforbundet. No er dei mykje på farten over heile landet, og dei er ofte reiseleiarar på turar i regi av SI-reiser.

Dei besøkte søre Sunnmøre på ei møtehelg i fjor, med møter i Ulsteinvik og på Møre i Herøy. Edgar deltek med mykje sang, musikk og vitnesbyrd. Med si gode sangstemme formidlar han tekstane til eige akkompagnement på bl.a  gitar og munnspill. Martha vil dele Guds ord med oss. Etter møtet på laurdag blir det anledning å stanse igjen for å prate og ta en kaffekopp. Søndag er det også eige barneopplegg og enkel servering etter møtet.

Hjertelig vel møtt til eitt eller fleire møter! Sjå elles annonse og plakater. Arrangør: Ulsteinvik Indremisjon

Marta og Edgar Paulsen