Forfatterarkiv: Ståle Tønnesen

Søndag 11

Vel møtt til søndag 11 i Ulsteinvik bedehus 16.mars. Denne gongen får vibesøk av Linda Austnes. Ho har også tre barnebarn som vil synge til oss.Ta gjerne med barn til denne samlinga. Formiddagsmøtet avsluttast med servering. Sjå annonse i Vikebladet komande fredag.

Ulsteinvik Indremisjon

Samling om bibel og bønn

Samling om bibel og bønn, måndag 14.april kl.11.00 er avlyst.

Avlysinga fører til endringar av kva kapittel vi går i gjennom på på
samling om bibel og bønn seinare på våren:

Måndag 28.april kl.11.00: Samling om bibel og bønn. Rom.12

Måndag 26.mai kl.11.00: Samling om bibel og bønn. Rom.13

Måndag 16.juni kl.11.00: Samling om bibel og bønn. Rom.14

MISJON  SAREPTA  BESØKER ULSTEINVIK  BEDEHUS

Laurdag 6.mai kl. 18.00 får Ulsteinvik bedehus besøk av Misjon Sarepta. Denne organisasjonen arbeider i Spania, og mange frå Sunnmøre er blitt kjent med Misjon Sarepta når dei har besøkt bibelsenteret til organisasjonen sør i Spania. I Alfas del Pi drivast bibelskule både for nordisktalande og spansktalande elevar. Gjennom året er det  tilbod om ulike leirar på senteret

Denne laurdagen får vi besøk av Hans Bergane. Han er frå Telemark, men bur no i Molde. Bergane har tidlegare vore misjonær i Bolivia, men reiser no som forkynnar i Norge. Det blir  gitt informasjon om arbeidet i fleire byar i Spania.

Hareid musikklag vil delta denne laurdagskvelden. Servering ved borda blir det også denne kvelden i Ulsteinvik bedehus.

Velkommen

Håkon Helgøy Besøker Ulsteinvik Bedehus 3-5 mars

.Komande helg får Ulsteinvik bedehus besøk av Håkon Helgøy. Fruktbonden frå Helgøy i Ryfylke er mykje brukt som forkynnar, og han har hatt fleire tillitsverv i kristent misjonsarbeid gjennom fleire år. Denne gongen vil han tale over temaet: Vi vil gjerne sjå Jesus.

På fredagskvelden vil også Margot og Harry Andersen synge. Laurdag vil Gro Hofseide synge. Etter deltaking på ein evangelisk aksjon i Vardø er ho tilbake på Sunnmøre .Denne kvelden blir det også servering. 5.mars blir det søndag 11. Denne formiddagen blir det søndagskule i peisestova under talen, nattverd og servering til slutt. Vi ønsker alle vel møtt til samlingane i Ulsteinvik bedehus.

3.mars Fredag kl.19.30: Håkon Helgøy talar. Song av Margot og Harry Andersen.

4.mars Laurdag kl.18.00: Håkon Helgøy talar. Song av Gro Hofseth. Servering.

5.mars Søndag kl.11.00: Håkon Helgøy talar. Servering. Søndagskule. Nattverd.

Velkommen

Møteveke

Vi ønsker velkommen til møteveke i Ulsteinvik bedehus, 17.-22.januar.
Tysdag – fredag startar møta kl.19.30. Frå onsdag blir det bønn ein halv
time før møtestart.

Talar er Torgeir Nygård frå Konsmo i Indre Agder. Han reiser for
organisasjonen Harilastiftinga Håp.

Det blir servering på tysdag, laurdag og søndag.

På laurdag song av gruppa Adonai frå Valderøy.

Søndag blir det søndagskule under talen. Nattverd.