BASAR  I  ULSTEINVIK  BEDEHUS

Komande laurdag blir den årlege basaren i til inntekt for bedehuset i Ulsteinvik arrangert. Samlinga startar kl.17.00. Det er komne inn mange fine gevinstar både på loddboka og til åresalet. Sal av mat blir det også denne kvelden. Hilde Giske Lukkedal vil halde andakt. Ho er barnearbeidar i IMF – Sunnmøre, men er nok kjent mest som den mangeårige styraren på leirstaden  Brusdalsheimen Dei som ønsker å støtte bedehuset kan levere inn gevinstar frå kl.18.00, dagen før basaren.

Ulsteinvik bedehus er 102 år, og dei siste åra har det vore nødvendig med fornying av huset. Kjøkkenet i kjellaren er blitt totalrenovert, fleire av ytterveggane har fått ny bordkledning, vindauga er skifta og lys i korset på vestveggen er blitt ordna. Framleis er det mykje som må renoverast på huset. Rommet bak galleriet i bedehuset blir no oppussa. Utgiftene til straum har auka kraftig dei siste åra.

Det er mange aktivitetar i bedehuset gjennom heile året. Samlingar for barn og ungdom er det kvar veke.Nesten kvar søndag er møte og ofte samlingar fleire gonger i løpet av veka elles. Formiddagstreff er det ein gong kvar månad.

November startar med formiddagstreff i morgon, onsdag 1.november kl.11.00. Vi får besøk av Annbjørg og Kåre Sævareid frå Vestnes. Dei held andakt , syng og les dikt. Servering og utlodding står også på programmet denne formiddagen. Seinare i november blir det møteveke med evangelisten Torgeir Nygård. Vi har hatt glede av forkynninga hans tidlegare, og ser fram til møta han skal ha 7.-12.november. Han reiser i Harilastiftelsen Håp som driv naudhjelpsarbeid i Israel og Russland. Det er blitt bygd opp både barneheimar, skular og institusjonar med hjelp til rusavhengige.

Alle er velkomne til samling rundt borda i Ulsteinvik