Basar på Ulsteinvik bedehus 26 okt.

kl. 16.00

Ulsteinvik Indremisjon inviterer til den årlege basaren i Ulsteinvik bedehus komande laurdag 26 okt.

Dettte året er basaren flytta fram til kl.16.00. Dette er gjort for at det ikkje skal bli for seint for barnefamiliane, og mange eldre likar heller ikkje at starttidspunktet for basaren blir for seint på ettermiddagen.Ulsteinvik bedehus er over hundre år gammalt, og behovet for renovering av det gamle bedehuset er stort.

Dei siste åra har særleg straumprisane auka, og det er derfor også viktig at ein maktar å samle inn nok midlar til drifta gjennom året.

Kvar veke skjer det mange aktivitetar. Det er eit tilbod til barn og unge i bedehuset, og dei ulike misjonsorganisasjonane har sine samlingar gjennom året.

Det blir sal av årar på basaren. Trekking av ei loddbok med mange fine gevinstar.

Sal av smørbrød og kaker står på programmet. Marita Stang held andakt denne ettermiddagen, og ho vil også finne fram fleire gode barnesongar.

På fredag ettermiddag mellom kl.16.00 og 18.00(dagen før basaren) er det høve til komme til bedehuset med gevinstar.Sjå annonse om basaren i Vikebladet i dag!

Vel møtt alle til basaren i bedehuset komande laurdag.

Ulsteinvik Indremisjon

Ulsteinvik Indremisjon: 4137.30.22703 Ulsteinvik Indremisjon, vipps: 118691 Ulsteinvik bedehus: 4137.30.11434: