Kva er vel eit sikrare teikn på haust enn at det er tid for loddbøker og fargerike papirårer?! Kom innom bedehuset laurdag 27.oktober frå kl.17. Her blir det både kakesalg og mykje kjekt ein kan vinne. Basar er aktiviteten for alle, små som store.
Denne basaren er ei viktig inntektskilde til vedlikehald og drift av bedehuset. Mange ønskjer å støtte bedehuset økonomisk, og mange har allereie gitt gevinstar og mange har kjøpt lodd på loddlistene som er sendt ut på førehand. Desse store gevinstane skal trekkast på basaren, og det blir nokre heldige vinnarar.
Bedehusforeninga er arrangør og er ein aktiv flokk damer som er med på å førebu basaren på ein praktisk og viktig måte. Dei sørger for mykje godt til kafé-salg, det blir gode og flotte kaker å få kjøpt, kaffi og saft og god tid til prat. Det sosiale er viktig på ein basar.
Marita Ulstein Stang vil ha ei familieandakt. Det blir stort åresalg og mange fine gevinstar. Velkomen!