GORDON  TOBIASSEN  BESØKER  ULSTEINVIK BEDEHUS 27-29 sept.

Den kjende forkynnaren Gordon Tobiassen besøker Ulsteinvik komande helg 27-29 sept.. Møta startar opp på fredag kveld(kl. 19.00), held fram på laurdag ettermiddag(kl. 18.00) og endar med formiddagsmøte på søndag(kl.11.00). Både laurdag og søndag blir det servering. På formiddagsmøtet på søndag blir det nattverd og søndagskule. Sjå annonse lengre ned!

Gordon Tobiassen reiser i organisasjonen Ordet og Israel. Han er særleg kjend for si grundige undervisning om dei siste tider ut i frå Guds Ord. Denne helga vil han opplyse  om ut frå Bibelen om den aktuelle situasjonen Israel og Midt-Austen står framfor no. Gordon Tobiassen er ein framifrå taler med evne til å engasjere tilhøyrarane med bodskapen han ber fram.

Ulsteinvik Indremisjon ser fram til helga, og dei andre forsamlingane i byen er også invitert til å vere med. Vi ønsker alle vel møtt til Ulsteinvik bedehus.

                        Ulsteinvik Indremisjon