Se oversikt over våre møter under linken Møteoversikt.
Husk; Du er hjartelig velkomen.
Mvh. Ulsteinvik Bedehus
Se oversikt over våre møter under linken Møteoversikt.
Husk; Du er hjartelig velkomen.
Mvh. Ulsteinvik Bedehus
Husk å få med dere
Stjernedryss i advent– Lørdag 14 des. kl. 19.00 og Misjonsmøte 15.12 med nytt frå Sentral-Asia kl. 19.30
Det er snart klart for julefeiring og mykje står på programmet for dei aller fleste. Julefest i romjula er ein god tradisjon å ta vare på!
Bedehuset i Ulsteinvik inviterer store og små til å delta på årets julefest 29.desember kl.17.
Ein dyktig komite er i gang for å gjere festen og programmet så godt og innhaldsrikt som mulig. Du kan føle deg heilt sikker på at det er verdt å sette av ein kveld i romjula til å delta på bedehuset sin julefest.
Årets taler blir Linda Austnes frå Godøya. Ho har lang fartstid med julefestar. Linda har skrive bøker og mange dikt, ho er aktiv i kristent arbeid og ho er aktiv politiker. Ho gler seg til å kome til Ulsteinvik på julefest. Det blir mykje sang og musikk, i tillegg til julesanger for alle og gang rundt juletreet. Fleire barn og vaksne er klar med sang, piano, fiolinspel.
God tid til mat og prat blir det i år også, og det blir dekka koldtbord i matsalen, og det blir nok fullt både oppe og nede. Mykje godt blir sett fram, og noko for både barn og vaksne. Litervis med kaffi gjekk unna i fjor, så komiteen er klar for stort innrykk.
Det koster ikkje noko å delta, men alle kan vere med å gi ei gåve til misjonen.
Hjertelig velkommen store og små!
Bilde: Julestjerna i vinduet på Ulsteinvik bedehus er allereie tent!
Lørdag 14 des. kl.19.00. Merk tida.
Se også : Misjonsmøte 15.12 med nytt frå Sentral-Asia ,NLM(neste innlegg)
Som alltid er IMF Sunnmøre ( tidl Sunnmøre Indremisjon) klar til å arrangere « Stjernedryss i advent» rundt omkring på Sunnmøre.
På søre Sunnmøre blir dette arrangementet i Ulsteinvik bedehus.
Vi er heldige som får oppleve eit slikt « dryss» av gode gjestar, som har mykje å gi til oss i adventstida. Sang og musikk og spennande foredrag om tilgivelse.
Dettte blir ein gratis julekonsert med kjende songarar, det er nok å nemne dei med fornamn:
Song-duoen Marit og Irene. Dei er kjende over heile landet, og treng ingen presentasjon.
Dei har denne gongen med ein ung, lovande songar som heiter Arne Pareli. Han er utdanna innan klassisk song og har ei nydeleg stemme, han har tidlegare tolka mykje av songskatten til Petter Dass. Denne kvelden er det juletonar som blir i fokus.
Kveldens mest langvegsfarande gjest kjem frå Stavanger. Det er Aslaug Klungland som skal fortelje frå eige liv. Ho vart enke då mannen hennar Arne Sigve Klungland, som var politi, blei skoten i Nokas-ranet i Stavanger.
Johan Halsne er kveldens vert, han vil lede kvelden. « Stjernedryss i advent» er ei fin samling som vi gjerne vil vere med å invitere til.
Styret i Ulsteinvik Indremisjon vil servere kaffi og litt å bite i.
Det blir salg av bøker/ DVD ar. Her går det an å finne julegåver som kan glede lenge.
Hjertelig og varmt velkommen til «Stjernedryss i advent» Sett av kvelden og finn julefreden i ord og tonar!
Arrangør: IMF Sunnmøre/ Ulsteinvik Indremisjon
Oskar Nordbø er talar på misjonsmøtet kl 19.30 denne 3. søndagen i advent. I tillegg til talen får vi høyre frå arbeidet i Sentral-Asia, eit arbeid som vi ikkje høyrer så ofte om. På NLM sine sider finst det meir utfyllande informasjon for dei som er interesserte.
Søndag 10.11 vert kveldsmøtet ved Ole Audun Os. Det vert nytt frå arbeidet i Sør- Amerika og utsendingane der.
Alle vel møtt !
Møtet byrjar kl 19.30 og har mykje å by på.
Per Ove Aarseth vil halde andakt og fortelje bakgrunnen til boka om Sveinung Lianes, samt intervjue han. Det blir også nokre glimt frå unge år ved Inge Ulstein, som har kjent Sveinung sidan 12-13 års alderen.
Inge Ulstein og Hareid musikklag vil ta del med song, og det vert misjonsnytt.
Mot slutten av samlinga blir det enkel servering og høve til å kjøpe boka. Overskot av boksalet går til Fjellhaug Internasjonale Høgskole og nærradioarbeid.
Målet med kvelden – så vel som med boka – er stanse opp for noko av det store som Gud har gjort og gjer i vår tid (Apg 14,27). Sveinung Lianes gler seg til å møte gamle og ny kjende.
Alle er hjarteleg velkomne – frå alle kommunane på ytre søre !
Møtet søndag 13.10 kl 19.30 blir ved Jan Magnus Dybvik. Han og kona har nyleg kome heim frå nytt opphald i Vest-Afrika og han har mykje å fortelje derifrå, både av gleder og utfordringar. Dybvik har arbeidd i lengre periodar over mange år i området. Der har, som fleire stader i Afrika, vore mykje uro siste åra, og utsendingar og nasjonale medarbeidarar har endra arbeidsmåtar og møteplassar meir enn ein gong.
Denne vinteren reiser Dybvik som forkynnar i region Nordvest NLM og ynskjer å formidle Guds ord og kall til teneste og misjon.
Alle vel møtt !
Ulsteinvik Misjonslag NLM inviterer DEG til bibelkveldar på bedehuset, til litt annleis møter. Med Levande tru samlingane ynskjer ein å gå litt meir i djupna på det bibelske stoffet enn ein gjer på eit vanleg møte. Denne gongen er det fokus på dei 10 boda,- Guds gode vilje til beste for oss.
Tidene forandrar seg og vi med dei. Menneska vil nok alltid vera dei same, men på same tid har vi i dag mange nye problemstillingar i høve til t.d. for 50 år sidan. Å vera kristen handlar om å gjere dei gode vala slik at ein kan få leve i Guds velsigning og vere til velsigning. Gjennom undervisning og samtale vonar vi at desse samlingane skal vere til oppmuntring og hjelp.
Samlingane er tysdag, onsdag og torsdag kl 19.30-21.00. Møta er uformelle der Emblem har ei innleiing til temaet og med påfølgande samtale ved borda over ein varm kopp kaffi/ te og enkel servering.
Vel møtt alle, og inviter gjerne nokon med deg!