Velkomen til Ulsteinvik bedehus!
Under møteoversikt finn du programmet for det som skjer på bedehuset utover hausten!
Jostein Mulelid skal delta på fleire møter i Ulsteinvik bedehus.
Mange frå søre Sunnmøre kjenner Jostein og ser fram til god sang og musikk og inspirerande forkynning. Trekkspel og piano høyrer saman med Jostein når han farter rundt med Guds Ord og si gode sangstemme.
Han er også ei drivkraft i hjelpearbeidet som blir kalla « Vyborg-hjelpa» og Jostein har vore reiseleiar på turar i Plussreiser/ tidl SI- reiser, han har vore ofte i Israel, og mykje på bibelferiar i sol og varme, og fleire tema-turar med buss, td Lina Sandell- turen som har gått kvar sommar i snart 30 år. Jostein har også skrive fleire songar og gitt ut musikk på CD-ar tidlegare. No er han ein engasjert og aktiv pensjonist.
På møta i Ulsteinvik bedehus vil Jostein Mulelid tale over temaet: «Å vandre med Gud- glimt frå Abrahams historie»
Det vil bli song av Jostein på alle møta, i tillegg vil Solfrid Ulstein Rise synge.
Koret «Kvit Sektor» kjem på besøk fredagskvelden.
På laurdag blir det sang og musikkmøte med « Sulagutane» som er ei gruppe syngende mannfolk frå Sula og Ålesund. Det blir god tid til samtale over kaffi og kaker både fredag og laurdag kveld.
Søndag er det formiddagsmøte med program for heile familien, då vil det også vere nattverd i samlinga. Elles er det ein komité som sørger for mykje godt å bite i , som alltid når det er « søndag-11» samling på bedehuset.
Styret i Ulsteinvik indremisjon ønsker velkommen til møteveke med Jostein Mulelid, og minner om at det også blir bønn ein halv time før kvart møte.
Vel møtt frå heile søre til ei eller fleire samlingar i Ulsteinvik bedehus.
Ole Audun Os er godt kjend av mange i vårt distrikt etter å hatt arbeidsplassen sin mellom unge og eldre Jesus-vener heile sitt vaksne liv. Han har vore vaksenleiar i kor i mykje meir enn 30 år, og held endå på !
Ole formidlar Guds ord på ein konkret måte og vi gler oss til å få eit nytt besøk av han.
Misjonssambandet har arbeid mange stader og i februar høyrer vi nytt frå Etiopia. Pr i dag er det 4 utsendingar i Etiopia som har tilknyting til region Nordvest. På møtet får vi aktuelle glimt frå arbeidet der.
Vi avsluttar samlinga med enkel servering.
Russeklassa ved Vestborg vidaregåande skule har denne vinteren bestemt seg for å samle inn pengar til viktige prosjekt i Peru.
I veke 3 reiser elevar saman med tilsette i NLM for å møte unge på skular, barn i barnehagar og lag, samt misjonsvener på bedehus og møtelokaler i regionen vår.
Ei gruppe elevar kjem til Ulsteinvik bedehus tysdag 15.januar kl 19.30, saman med Steinar Dimmen. Elevane vil fortelje både frå prosjekta i Peru og litt glimt frå dagane på Vestborg.
Vel møtt til ein flott misjonskveld !
Sjå også her: http://vestborgmisjon.no
Gudsteneste i Elfenbenskysten. Foto: Espen Ottosen, NLM
«Søndag 11» den 11.11 kl 11 er vel lett å hugse ? Då inviterer vi til ny samling på bedehuset. Denne gongen er det Steinar Dimmen som held tale, medan det er søndagsskule for barna i den flotte sokkeletasjen på bedehuset vårt.
Vi snurrar jordkloden og hamnar på vest Afrika denne dagen, og får høyre litt om kva som er sorger og gleder i misjonsarbeidet der. Bildet over er frå ei gudsteneste i Elfebenskysten. NLM arbeider også i Mali.
Heilt sidan NLM starta arbeidet her i vest, er det dei unådde folkegruppene ein har prøvd å nå inn til med Guds ord. Det har vore vanskeleg, men ikkje umulig, og i dag ser ein at arbeidet nyttar. Kom på møtet og høyr meir om dette !
Gevinstliste frå basaren til inntekt for Ulsteinvik bedehus – 27.oktober 2018
Gevinst 1 – Ark nr. 6, lodd nr.12 – Stressless Georg Myrvågnes
Gevinst 2 – Ark nr. 33, lodd nr. 6- Sagbord Ane Baade Hasund
Gevinst 3 – Ark nr.40, lodd nr.4 – Mugge med 4 skåler Kjell Einar Ljones
Gevinst 4 – Ark nr.23, lodd nr.23 – Steikepanne Kari Gjerdsbakk
Gevinst 5 – Ark nr.45, lodd nr.11 – Dobbelt sengesett Anna Sivertstøl
Gevinst 6 – Ark nr.44, lodd 21 – Keramisk kokkekniv Marie Langnes
Gevinst 7 – Ark nr.31, lodd 16 – Gåvekort, Amfi Ingunn Stensland
Gevinst 8 – Ark nr.36, lodd nr.15 – Gåvekort, Amfi Torbjørg og Per Inge Åmås
Gevinst 9 – Ark nr.29, lodd nr. 3 – Krystallvase Asbjørg Ulvund
Gevinst 10 – Ark nr.38, lodd nr.10 – Blomstervase. Johannes Davidsen
Gevinst 11 – Ark nr.2, lodd nr.7 – Gåvekort Match Oddvin Holen