Søndag 11 – 19.januar: Halvard Roaldsnes talar. Søndagskule. Nattverd. Servering. Ulsteinvik Indremisjon
Vestborgrussen
Fredag 17.jan:
Vestborgrussen.Magnar Grødem talar.NLM
Gudsteneste
Søndag 12.januar kl.11.00: Gudsteneste – frikyrkja
Besøk av Vestborgrussen
Formiddagstreff/julefest
Onsdag 8.januar: Formiddagstreff/julefest. Johanne Leinebø talar.Utlodding. Servering. Ulsteinvik Indremisjon.
JULEFEST/FORMIDDAGSTREFF I ULSTEINVIK BEDEHUS
Formiddagstreffa startar opp att etter nyttår i Ulsteinvik bedehus. Desse samlingane er med unntak av sommarferien kvar månad gjennom heile året. Første samlinga i 2025 blir komande onsdag.
Formiddagstreffet onsdag 8 januar kl. 11.00 er også i år lagt opp som ein julefest.Denne gongen får vi besøk av Johanne Leinebø. Ho har vore misjonær på Madagaskar der ho har arbeidd mykje med bibelomsetjing.På formiddagstreffet blir det utlodding og tid til ei matøkt rundt borda. Julefesten blir avslutta med gang rundt juletreet der vi syng dei kjende og kjære julesongane.
Sjå annonse i Vikebladet komande tysdag.
Ulsteinvik Indremisjon
Samling om bibel og bønn
Måndag 6.januar kl.11.00: Samling om bibel og bønn.Rom.7
JULEFEST I ULSTEINVIK BEDEHUS.
Ulsteinvik bedehus inviterer til julefest Søndag 29.desember kl.17.00 i romjula.
I ei tid der det har minka med dei tradisjonelle julefestane, vil Ulsteinvik Indremisjon halde fram med denne samlinga. Vi får vere med på å synge dei kjende og kjære julesongane. Gang rundt juletreet er også på programmet. Ei god matøkt kan vi sjå fram til med prat rundt borda. For barna blir det flydropp frå galleriet med papirfly. Andakta på julefesten i år blir halden av Reidar Almedal. Han er frå Ulsteinvik, men studerer no i Bergen. Frå Bergen kjem også songaren på julefesten. Anne Marthe Lillebø vil synge til oss. Vel møtt til julefest på søndagen i romjula. Sjå annonse i Vikebladet på julaftan.

Ulsteinvik Indremisjon
Avlyst grunna sjukdom.
Møteveka med Marit og Jarle Berland blir avlyst grunna sjukdom.
Likevel
blir det eit delemøte i Ulsteinvik bedehus, onsdag 27.november kl.19.00.
Velkommen til møtet i kveld kl.19.00!
Gudsteneste
17.november kl.11.00: Gudsteneste. Frikyrkja.
Gave/kollektiv: Vipps 555024