FORMIDDAGSTREFF/JULEFEST i ULSTEINVIK BEDEHUS

Ulsteinvik Indremisjon har kvar månad eit formiddagstreff. Det første formiddagstreffet i 2024 er onsdag 3.januar. Tidlegare år har dette også vore ein julefest med godt frammøte. Igjen inviterer vi til julefest i bedehuset.Denne gongen får vi besøk av Kari Laila og Ove Aksnes. Dei bur i Dalsfjorden, men er ofte nytta som talarar og songarar på heile Sunnmøre. Ove er utdanna lærar, men har etter han vart ferdig i skulen vore mykje nytta som vikarprest. Kari Laila er helsefagarbeidar, og ho er kjend for si vakre og særprega altstemme. Lindis Eliassen vil lese dikt til oss.Som vanleg på formiddagstreffet blir det god matservering og utlodding av fine gevinstar. Gang rundt juletreet høyrer også med på julefesten.Vel møtt alle til ei fin avslutting av julehøgtida i Ulsteinvik bedehus!

BASAR  I  ULSTEINVIK  BEDEHUS

Komande laurdag blir den årlege basaren i til inntekt for bedehuset i Ulsteinvik arrangert. Samlinga startar kl.17.00. Det er komne inn mange fine gevinstar både på loddboka og til åresalet. Sal av mat blir det også denne kvelden. Hilde Giske Lukkedal vil halde andakt. Ho er barnearbeidar i IMF – Sunnmøre, men er nok kjent mest som den mangeårige styraren på leirstaden  Brusdalsheimen Dei som ønsker å støtte bedehuset kan levere inn gevinstar frå kl.18.00, dagen før basaren.

Ulsteinvik bedehus er 102 år, og dei siste åra har det vore nødvendig med fornying av huset. Kjøkkenet i kjellaren er blitt totalrenovert, fleire av ytterveggane har fått ny bordkledning, vindauga er skifta og lys i korset på vestveggen er blitt ordna. Framleis er det mykje som må renoverast på huset. Rommet bak galleriet i bedehuset blir no oppussa. Utgiftene til straum har auka kraftig dei siste åra.

Det er mange aktivitetar i bedehuset gjennom heile året. Samlingar for barn og ungdom er det kvar veke.Nesten kvar søndag er møte og ofte samlingar fleire gonger i løpet av veka elles. Formiddagstreff er det ein gong kvar månad.

November startar med formiddagstreff i morgon, onsdag 1.november kl.11.00. Vi får besøk av Annbjørg og Kåre Sævareid frå Vestnes. Dei held andakt , syng og les dikt. Servering og utlodding står også på programmet denne formiddagen. Seinare i november blir det møteveke med evangelisten Torgeir Nygård. Vi har hatt glede av forkynninga hans tidlegare, og ser fram til møta han skal ha 7.-12.november. Han reiser i Harilastiftelsen Håp som driv naudhjelpsarbeid i Israel og Russland. Det er blitt bygd opp både barneheimar, skular og institusjonar med hjelp til rusavhengige.

Alle er velkomne til samling rundt borda i Ulsteinvik

søndag 11

Vi ønsker velkommen til det første søndag 11 i Ulsteinvik bedehus denne hausten, komande søndag 17.september. Denne søndagen får vi besøk av to songevangelistar frå Samemisjonen. Laila og Tor Magne Haraldseid vil tale og synge til oss. Dei vil også informere oss om arbeidet i Nord – Norge og i Russland. Denne formiddagen blir det også søndagskule, nattverd og servering.

Formiddastreff

Velkommen til det første formiddagstreffet i Ulsteinvik bedehus ihaust, onsdag 6.september kl.11.00.

Denne formiddagen får vi besøk av Hilde Giske Lukkedal. Ho hartidlegare vore styrar på Brusdalsheimen, men er no tilsett i barne – ogungdomsarbeidet i IMF- Sunnmøre.

Det blir utlodding av mange fine gevinstar. Mat og kaffe blir det ogsådenne onsdagen.

Ta gjerne med nye folk til bedehuset!

JUBILEUMSFEST I ULSTEINVIK BEDEHUS

Ulsteinvik bedehus inviterer til jubileumsfest i Ulsteinvik bedehus,søndag 27.august kl.17.00. Ulsteinvik Indremisjon vart skipa i 1883, ogforsamlinga feirar i år 140-års-jubileum.På festen komande søndag vil generalsekretæren i Indremisjonsforbundetdelta.Runar Landro vart ny generalsekretær i vår, og han har tidlegarevore pastor i Sandnes Indremisjon.Det er danna eit jubileumsmusikklag avsongarar som tidlegare har vore med i Ulstein musikklag. Det blir eithistorisk attersyn på festen. God servering med smørbrød og kaker kan viogså gle oss til på festen.

Vi ønsker alle velkomne til Ulsteinvikbedehus på søndag.

Møte med Ole Andreas Meling

Denne helga får Ulsteinvik bedehus besøk av Ole Andreas Meling. Han er
dagleg leiar i Misjon Sarepta. Ole Andreas Meling er frå Rogaland. Han
har tidlegare vore rektor på ein kristen friskule, men reiser no som
forkynnar. I tillegg til å tale, syng han og spelar både piano og fiolin.

Denne hausten blir nye medarbeidarar ønska velkomne i Misjon Sarepta. I
Spania startar eit svensk ektepar som misjonærar, og ein ung ny
forkynnar skal reise i Norden.

Det blir samling i bedehuset laurdag kl.18.00. På laurdagskvelden blir
det også servering. Søndag blir det møte kl.11.00. Vel møtt til
samlingane i Ulsteinvik bedehus.

ULSTEINVIK BEDEHUS – SOMMARKVELDAR

Det er ferietid, men på bedehuset vil det vere møte gjennom heile sommaren. Kvar onsdag kveld vil det vere møte, vekselvis bibel og bønn og vanleg kveldsmøte.
Vi starter komande onsdag med besøk av Joakim Solbakken.
Han er etter kvart godt kjend i området. Ein ungdom med stort engasjement og ein sterk brann for at menneske skal få møte Jesus. Vi anbefaler han på det varmaste. Joakim er frå Molde, men har dei siste åra vore lagsarbeidar i Møre og Romsdal for Laget – NKSS. I denne perioden med Joakim som leiar har Laget verkeleg fått ein oppsving. Det er etablert nye kristne skulelag på fleire skular i fylket. Mange ungdommar har fått møte Jesus gjennom Joakim sitt vitnemål og han er svært sentral i ungdomsvekkelsen i Møre og Romsdal det siste året. Joakim er aktiv og reiser rundt både på ungdomsmøter og vanlege møter og gudstenester med bodskapen om Jesus. Frå hausten skal han over i ny stilling som frikyrkjepastor. Vi gler oss stort til å få besøk av denne flotte ungdommen på onsdag. Både unge og eldre er hjarteleg velkomne. Det vil også vere servering av pizza m.m. denne kvelden.
Annankvar onsdag vidare vil vi få besøk av Reidar Røyset Almedal, Jo Volle og Egil Straume.
Vi viser til annonse i avisa på fredag.
Onsdagane der det ikkje er oppsett talar vil vi samlast til bibel og bønn. Følg med på annonse, facebook og nettsida vår som vil vere oppdatert på møte vidare denne sommaren.
Du er hjarteleg velkomen til sommarkveldar på bedehuset.
Vi ønskjer alle ein velsigna god sommar med ferie og kvile.

Ulsteinvik Bedehus
SOL

MISJON  SAREPTA  BESØKER ULSTEINVIK  BEDEHUS

Laurdag 6.mai kl. 18.00 får Ulsteinvik bedehus besøk av Misjon Sarepta. Denne organisasjonen arbeider i Spania, og mange frå Sunnmøre er blitt kjent med Misjon Sarepta når dei har besøkt bibelsenteret til organisasjonen sør i Spania. I Alfas del Pi drivast bibelskule både for nordisktalande og spansktalande elevar. Gjennom året er det  tilbod om ulike leirar på senteret

Denne laurdagen får vi besøk av Hans Bergane. Han er frå Telemark, men bur no i Molde. Bergane har tidlegare vore misjonær i Bolivia, men reiser no som forkynnar i Norge. Det blir  gitt informasjon om arbeidet i fleire byar i Spania.

Hareid musikklag vil delta denne laurdagskvelden. Servering ved borda blir det også denne kvelden i Ulsteinvik bedehus.

Velkommen

PÅSKA I ULSTEINVIK BEDEHUS

Vi feirer påska til minne om Jesu død og oppstode. Dette vil vere i sentrum på samlingane i bedehuset denne påska.

Førstkomande måndag formiddag er det samling om bibel og bønn. Samtalen denne måndagen tar utgangspunkt frå Apostelgjerningane kapittel 6.

Langfredag formiddag får vi besøk av  Preben Solvang. Han har vore misjonær i Bolivia, men reiser no som ungdomsarbeidar i Norge.

 2.påskedag får vi besøk av Johannes Kleppa. Han har tidlegare vore lærar på bibelskulen i Bergen, og han har i mange år reist som forkynnar. No er han formann i misjonsorganisasjonen Sarepta som arbeider i Spania. Kleppa har skrive fleire bøker og er også kjend for sine mange og grundige avisinnlegg om fleire aktuelle tema.