Så var adventstida her, med korte dagar, men med forventningar fram mot ei ny julehøgtid. Vi inviterer deg til samling den 2.søndag i advent. Det blir siste » Søndag 11″ i dette året.
Talar på møtet er Oscar Nordbø, og vi får høyre nytt frå arbeidet i Kinaregionen. NLM starta arbeidet i Kina i 1891. I denne delen av Asia har NLM arbeid i Kina, Hong Kong, Macao og Taiwan. Nasjonale kyrkjer er etablert og NLM sine utsendingar er ein del av dette arbeidet.
Det blir både barnemøte og nattverd denne søndagen. Inviter nokon med deg og kom !