Sjølv om covid 19-sjukdommen gjer at det er vanskeleg å gjennomføre møte dette året, vil det bli nokre samlingar i bedehuset i advent og i jula. Alle samlingar skjer i samsvar med smittevernreglane.
Sjølv om corona-viruset fører til avgrensingar i arbeidet, har det vore viktig å halde oppe barne – og ungdomsarbeidet. Det blir også førjulssamlingar no i advent. Allereide i morgon på onsdag kveld vil Davids Grotte ha juleavslutning. Dette er ei gruppe for dei som er i alderen 5.-7.klasse.Onsdag 16.desember er det adventssamling for ungdomsgruppa i bedehuset. Dette er for aldersgruppa frå 8.klasse og oppover.
Torsdag 10.desember er siste formiddagstreffet i år. Vi får besøk av Kjell Einar Ljones. Han har temaet: Mor – ei perle med mange fasettar. Søndag 11 blir arrangert 13.desember. Dette er ei familesamling der vi får besøk av barnearbeidar Hilde Sofie Blindheim Østrem frå IMF-Sunnmøre. Alle samlingane vil vere prega av at vi no er i adventstida.
På tysdagane før jul blir det samlingar om bibel og bønn der vi samtalalar om dei tekstane vil les.
Sjølv om vi ikkje kan gå rundt juletreet i år, blir det julefest i bedehuset tysdag 29.desember. Juletreet blir likevel pynta, og den glade bodskapen blir forkynt av Lars Kjetil Emblem. Grunna covid 19 -viruset må ein ha påmelding til julefesten då ei ikkje kan ha fullt hus .
Sjå annonsene i Vikebladet og omtale på sidene til Ulsteinvik bedehus.
Ulsteinvik bedehus