Stikkordarkiv: Ulsteinvik Indremisjon

Korona-informason

I denne saken vil vi ha oppdatert informasjon om kva tiltak Ulsteinvik bedehus gjer i denne situasjonen.

Ulsteinvik bedehus vil følge dei restriksjonane som Ulstein kommune gjer i tillegg til NLM sine retningslinjer. Oppdatert informasjon frå Ulstein kommune finn du her:

Korona-info Ulstein kommune

Møtene i Ulsteinvik bedehus vil intil vidare gå som normalt då vi som oftast er under 100 personar som kjem. Vi ber likevel om at alle som kjem tek visse førehansreglar:

– Vi vaskar alle hendene for å forhindre smitte, og oppfordrer vår neste til å gjøre det samme. 🙂

– I ei periode så helsar vi med smil og ikkje med hender

– Om du er sjuk så ber vi deg være heime den aktuelle møtedagen.

Som forsamling så tek vi desse grepa, ikkje i frykt for viruset, men i solidaritet for dei som kan verte ramma hardast og fordi øvrigheitene som vi skal underordne oss ber oss om det. Så vil vi gå i forbøn hos Gud for vår verden og be både for dei som er sjuke,dei som er redde og dei som skal ta kloke avgjerder. 

Sist oppdatert informasjon finn du på folkehelseinstituttets nettstad: www.fhi.no . Her og hos www.helsenorge.no finn du den informasjonen du treng og konkrete råd. Spørsmål om korona skal rettast til informasjonstelefon for korona på: 815 55 015 eller:

  • Ulstein legesenter på tlf. 70 01 89 89 mellom kl. 8 og 14 på kvardagane
  • legevakta på tlf. 116 117 elles på døgnet og i helgene 

Formiddagstreff med Radio Sunnmøre

Torsdag 5.mars kl.11.00

Oddveig og Kolbjørn Molnes skal delta på formiddagstreff i Ulsteinvik bedehus torsdag. Dette blir eit skikkeleg « radio-aktivt» formiddagstreff!

Oddveig Molnes har vore programleiar i nærradioen i fleire tiår, og denne kjende radiostemma er altså stemma til ei smilande og engasjert dame. Oddveig syng nydeleg, og både ho og mannen Kolbjørn er ofte rundt på møter og samlingar.

Mange frå søre Sunnmøre kjenner begge to, og vi ser fram til mykje god sang og musikk og inspirerande forkynning.

Nydeleg gospel og piano eller gitar høyrer saman med denne duoen.Oddveig og Kolbjørn Molnes er engasjerte og aktive pensjonistar, og Oddveig tek fortsatt oppdrag for Radio Sunnmøre. Ho er i studio både titt og ofte. Ho har alltid gode historier på lur, og mykje god humor.

På formiddagstreffet i Ulsteinvik bedehus vil Oddveig og Kolbjørn både tale og synge og spele piano. Dei kjem til å fortelle siste nytt frå arbeidet i Radio Sunnmøre. Det blir god tid til mat og prat og utlodning. Inntektene av loddsalget går til drifta av nærradioen.

Styret i Ulsteinvik indremisjon ønsker varmt velkommen til formiddagstreffet på torsdag.

Gordon Tobiassen er blitt syk – Ordet og Israel

Gordon Tobiassen er blitt sjuk. Vi har fått nye talarar.
Fredag 31.januar kl.19.00: Kristine Røren talar.

Laurdag 1.februar kl.19.30: Anne Sofie Holen Tønnesen talar.

Søndag 2.februar kl.11.00: Kjell Furnes talar.


Bibeltimane på laurdag formiddag må dessverre gå ut.
Pinsekyrkja Filadelfia – Ulsteinvik Indremisjon

<S>Fredag 31.januar kl.19.00: Fellesmøte i Filadelfia. Gordon Tobiassen taler.
Laurdag 1.februar kl.11.00: Fellesmøte i Filadelfia. Gordon Tobiassen taler.
Laurdag 1.februar kl.19.30: Fellesmøte i bedehuset. Gordon Tobiassen taler. Song av God Bodskap.
Søndag 11. 2.februar: Fellesmøte i bedehuset. Gordon Tobiassen taler. Servering. Søndagskule.
</S>

I månadskiftet januar-februar får Ulsteinvik besøk av Gordon Tobiassen. Han reiser som forkynnar i organisasjonen Ordet og Israel, som driv arbeid i Norge og støttar prosjekt i Israel.Organisasjonen sin visjon er at jødar får Bibelen sitt syn på Jesus som Messias og at kristne får Bibelen sitt syn på Israel.
Desse møta er fellesmøte mellom pinsekyrkja Filadelfia og Ulsteinvik Indremisjon.Møta på fredag kveld og på laurdag formiddag blir i Filadelfia medan møta på laurdag kveld og søndag formiddag blir i bedehuset i Ulsteinvik. På laurdag kveld vll også musikklaget  God bodskap delta på møtet.
Gordon Tobiassen er kjend for å legge fram Guds Ord på ein måte som gjer det lett for tilhøyrarane å forstå bodskapen. Han vil på samlingane denne helga ta fram den aktuelle situasjonen i Midt-Austen i lys av profetiane i Bibelen.


Pinsekyrkja Filadelfia Ulsteinvik Indremisjon

Søndag11

Det blir samling i Ulsteinvik førstkomande søndag. Då får vi besøk av Helge Åkernes.
Han har vore leiar for søndagsskule og barnearbeidet/ leirarbeidet på Sunnmøre. Han har lang erfaring i arbeid blant barn og unge, og Helge har også vore tilsett ved Ålesund folkehøgskule tidlegare. Han arbeider no for organisasjonen «Åpne dører», og han er lokal kontaktperson for KRIK på Nordvestlandet.
På søndagssamlinga i bedehuset vil han tale og fortelle frå bibel-historia til alle, både barn og vaksne.
Spennande aktivitetar blir det også, sidan Helge Åkernes er kjend for å vere ein svært kreativ fyr.

På Søndag-11 vil det også bli mykje sang og musikk.
På bildet: Helge Åkernes som både er kontakt for KRIK på Sunnmøre og som jobber for « Åpne Dører»

Etter programmet vil det bli servering og god tid til mat og prat. Misjonsgåva denne søndagen vil bli samla inn til Sunnmøre Indremisjon.
Ulsteinvik Indremisjon ønsker små og store vel møtt til søndagens familiemøte.

Sjå elles annonse og plakater.

Arrangør: styret i Ulsteinvik Indremisjon