Det er stille på bedehuset, og vi får ikke vært på møte. De 4 B_ene blir fraværende og hverdagslivet kommer farlig nær, da kan vi lese eller lytte til flotte bibeltimer på nett.
B-ønn: Bønn er den kristnes åndedrett, vær tolmodig i bønn i den Hellige ånd
B-ibel (og bibelleseplan) kan nytes hjemme
B-roderfellesskap (Menigheten) her må vi oppfordre og oppmuntre hverandre til å ringe venner. Del med dem det du har hørt her og få dem til å gjøre det samme. ?
B-rødsbrytelse(nattverd) : Dette får vi ta igjen senere, når alt dette er over kan vi feire herrens måltid i lag.
I denne saken vil vi ha oppdatert informasjon om kva tiltak Ulsteinvik bedehus gjer i denne situasjonen.
Ulsteinvik bedehus vil følge dei restriksjonane som Ulstein kommune gjer i tillegg til NLM sine retningslinjer. Oppdatert informasjon frå Ulstein kommune finn du her:
Møtene i Ulsteinvik bedehus vil intil vidare gå som normalt då vi som oftast er under 100 personar som kjem. Vi ber likevel om at alle som kjem tek visse førehansreglar:
– Vi vaskar alle hendene for å forhindre smitte, og oppfordrer vår neste til å gjøre det samme. 🙂
– I ei periode så helsar vi med smil og ikkje med hender
– Om du er sjuk så ber vi deg være heime den aktuelle møtedagen.
Som forsamling så tek vi desse grepa, ikkje i frykt for viruset, men i solidaritet for dei som kan verte ramma hardast og fordi øvrigheitene som vi skal underordne oss ber oss om det. Så vil vi gå i forbøn hos Gud for vår verden og be både for dei som er sjuke,dei som er redde og dei som skal ta kloke avgjerder.
Sist oppdatert informasjon finn du på folkehelseinstituttets nettstad: www.fhi.no . Her og hos www.helsenorge.no finn du den informasjonen du treng og konkrete råd. Spørsmål om korona skal rettast til informasjonstelefon for korona på: 815 55 015 eller:
Ulstein legesenter på tlf. 70 01 89 89 mellom kl. 8 og 14 på kvardagane
legevakta på tlf. 116 117 elles på døgnet og i helgene
Kveldsmøtet er kl 19.30 og talar er Steinar Dimmen.
Det blir også nytt frå arbeidet i Indonesia. I Indonesia er det 234 unådde folkegrupper. NLM arbeider mellom to av desse folkegruppene, som er omlag 5,5 millionar menneske. På grunn av sikkerheit, kan vi ikkje gi opp namn på desse gruppene, eller kvar utsendingane bur.
Mykje av NLM sitt arbeid i Indonesia er særleg retta mot barn. Det gjeld ikkje minst i det evangeliske arbeidet, for sjølv om Indonesia har fleire millionar kristne og mange levande kyrkjesamfunn, er det stadig behov for opplæring og støtte til barne- og ungdomsleiarar. I tillegg driv NLM bistandsarbeid og business as mission i form av hotelldrift/reiselivsverksemd.
Kom og høyr meir om dette på møtet ! Alle er vel møtt !
7 grupper skal ut og besøke mange bedehus, frå Selje og Stryn i sør til Aure og Kyrksæterøra i nord. Misjonsprosjektet i år er arbeid i Japan. Ei gruppe elevar fortel frå prosjekt i Japan og litt glimt frå Vestborg- livet
Det er fantastisk flott at ungdomar prioritere å bruke ei veke på denne måten og vi gler oss til å møte dei.
Turneen startar 12.1 og onsdag 15.1 kjem ei av gruppene til vårt bedehus. Talar her er Oscar Nordbø. Kvelden etter skal dei vidare til Hareid.